Dette er spørsmål vi i Distriktssenteret stiller oss etter tallause besøk i norske kommunar og regionar. Det høyrest sjølvsagt ut, men langt frå alle har tenkt over at det kan vere lurt å få tilflyttarar til å både trivast og bli inkludert på den nye staden dei kjem til.

Kva skal til for at nye innbyggjarar blir buande i din kommune? Dei som kjem vil i kortare eller lengre tid vera det vi kallar ein stadveljar. Mange nyttar dei første åra på å finne ut om ein skal bli verande på den nye staden og i den nye kommunen. Fungerer det bra, vil det bidra til at dei potensielle stadveljarane blir verande og flyttar ikkje vidare.

Forsking viser at arbeid er den viktigaste årsaka til at folk kjem til ein stad, men vi ser også at god bustadpolitikk, tilrettelegging av ulike typar møteplassar og fritidsliv har stor betyding. I tillegg har dei frivillige laga og organisasjonane ei viktig rolle i det inkluderingsarbeidet som skal skje. Desse momenta er sjølvsagde, men blir ofte tatt for gitt og dermed gløymt. Difor er det viktig å ha eit bevisst forhold til kva som får dei nye innbyggjarane til å velje å bli verande. I Distriktssenteret ser vi at fleire kommunar jobbar bra på dette feltet, som t.d. Hemsedal, Frøya og Sogndal, men framleis kan dei fleste bli flinkare til å ta vare på dei som kjem til ein stad.

I våre intervju på utvalde stader i Noreg, viser det seg at det kan ta lang tid å bli inkludert i lokalsamfunna, sjølv om dei nye innbyggjarane har det bra. Kommunen, saman både næringsliv og friviljuge organisasjonar, har ein jobb å gjera. I tillegg er det viktig at dei som har budd på staden heile livet gjer ein innsats for at dei nye innbyggjarane tek valet om å bli verande i staden for å bli ein vidareflyttar.

Prognosane viser at distrikta sin del av nasjonen sin samla befolkning vil fortsetja å gå ned. Det er fullt mogleg å hindre fråflytting. Då er det ei viktig oppgåve framover å få folk til å flytte til distrikta og bli buande.

Nokre stader vert tilflyttarar møtt med haldningar som: «Det er flott med dei nye innbyggarane, men dei reiser sikkert snart vidare. Difor er det ikkje vits i å bruka så mykje tid på dei». Det er ikkje eit godt utgangspunkt. Alle som kjem til ein stad er ein ressurs og mange bidreg i lokalsamfunnet nesten frå første dag, uansett om dei er der i ein kortare periode, nokre år eller livet ut. Dei som blir tekne med og kjenner seg som ein del av lokalsamfunnet, byggjer lettare den tilknytinga til staden som gjer at dei blir verande.

Ein del kommunar veit at dei er ein midlertidig stoppeplass for mange. Dette fordi dei har ein arbeidsmarknad som tilseier det, eller at folk vil prøve seg ute i ein liten kommune før dei «dreg attende til by’n». Den dynamikken og dette flyttemønsteret må vi godta i ei tid då avstandane blir kortare og folk vil prøve seg på ulike område både arbeidslivet og elles. Samstundes meiner vi at det er viktig at kommunar legg langsiktige planar både politisk og administrativt. Dei som gjer det har større sjansar for å lukkast i å halde på tilflyttarane. Eit døme på dette er Frøya kommune. 1. mars 2016 opna dei det nye bustad- og tilflyttarkontoret. Det er eit resultat det regionale bulyst-prosjektet og tydlege politiske prioriteringar i kommunen.

Kommunane må bli flinkare til å kommunisere sine sterke og gode sider, og samstundes må dei vera klar over dei svake og utfordrande sidene. Det er eit kontinuerleg arbeid, som over tid vil vera med å gi positive resultat. Distriktssenteret sitt læringshefte «Med hjarte for den rette staden», fortel om korleis ein kan jobbe med dette i kommunen og lokalsamfunnet. Samstundes er det viktig å hugse på at det ikkje finst ein fasit. Det som fungerer godt ein stad, kan fungere mindre bra ein annan stad. Råda våre er difor berre råd. Dei tiltaka ein skal gjennomføra, må tilpassast lokalt.

Lukke til med eit godt inkluderingsarbeid, og ta godt vare på tilflyttarane i ditt lokalsamfunn og din kommune!

Klikk for kommentarer
Vi inviterer deg til å dele informasjon, argumenter og synspunkter. Vi ønsker fullt navn, noe som gjøre det mer interessant for andre å lese det du skriver. Vi vil ikke ha trakassering, trusler eller hatske meldinger på våre nettsider. Falske profiler blir utestengt. Vi setter pris på at du holder en saklig og respektfull tone. Husk at mange leser det du skriver. Vennlig hilsen redaksjonen. Les mer om vår moderering ->her
Facebook-kommentarer:

Våre journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.