Måndag er éin av dei vekedagane som har ulik skriving på nynorsk og på bokmål.

Som så ofte, er den nynorske stavinga meir i tråd med den opphavlege skrivemåten. Men når det finst ulike skrivemåtar, er det som regel meir interessant å prøve å forstå korfor dei finst, enn å krangle om kva skrivemåte som eventuelt er mest korrekt.

Namna på vekedagane har vore utsette for slitasje. Dei færraste av dei blir skrivne eller uttalte som då dei blei laga, og det er ikkje så lett å sjå i dag kva dei ulike namna eigentleg viser til.

Når det gjeld måndag, er det for så vidt ikkje så vanskeleg – i alle fall på nynorsk. Det er jo sjølve månedagen. På engelsk er det Monday, og på tysk er det Montag. På gammalnorsk skreiv ein mánadagr. Mána er ei anna kasusform av máni, som utvikla seg vidare til måne i moderne norsk.

Her er det interessant å sjå at norsk og engelsk har fått ei forkorting av det første leddet i vekedagen. Dei fleste uttaler ordet med kort vokal. Hadde det vore eit viktig poeng å vise til at det var dagen til sjølve månen, hadde nok ikkje denne forenklinga skjedd. Men det var jo ikkje vikingane som fann på systemet med vekedagane.

Dei gamle romarane sa lunae dies, som tydde månens dag. Det er ikkje sikkert at månen kunne konkurrere om status med gudar som Odin og Tor, eller Merkur og Jupiter, som var dei tilsvarande gudane i romersk mytologi. Det finst også språk der måndagen berre heiter «den andre dagen», som då er dagen etter søndag.

Den gammalnorske skrivemåten var mánadagr. Bokstaven á viser at det opphavleg var ein lang a i tidlegare nordgermansk. I gammalnorsk tid utvikla denne lange a-en seg til ein å-lyd. I visse område blei lyden diftongert til /ao/, slik som ein til dømes kan høyre i sognamål og i islandsk, som er ei vidareutvikling av den eksporterte versjonen av gammalnorsk.

Ein brydde seg ikkje alltid om å skrive aksenten over á, slik at ein nok ofte berre skreiv manadagr allereie i gammalnorsk tid. Det kan godt hende at det var dette som førte til uttalen mandag. Dei andre to a-ane i ordet kan også ha påverka uttalen. Elles kan ein nemne hanseatane, som prata nedertysk. Dei hadde framleis den gamle germanske lange a-en og sa maandag. Det er derfor rimeleg å tru at måndag og mandag har levd side om side i norske dialekter i mange hundre år.

Det kan då også vere interessant å sjå over mot dansk, der forskjellen i uttalen mellom mandag og måne har blitt enda større, sidan danskane gjerne seier mændag, samtidig som dei seier måne. På den andre sida har vi svensk, der ein framleis kan ha ein relativt lang å i måndag. Svensk og nynorsk er dermed kanskje ikkje best, men på mange måtar eldst i klassen. God måndag!

Klikk for kommentarer
Vi inviterer deg til å dele informasjon, argumenter og synspunkter. Vi ønsker fullt navn, noe som gjøre det mer interessant for andre å lese det du skriver. Vi vil ikke ha trakassering, trusler eller hatske meldinger på våre nettsider. Falske profiler blir utestengt. Vi setter pris på at du holder en saklig og respektfull tone. Husk at mange leser det du skriver. Vennlig hilsen redaksjonen. Les mer om vår moderering ->her
Facebook-kommentarer:

Våre journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.