Mange i byen vart skremde da JBV i vår la fram alternativ Vest 3b for dobbeltsporet gjennom Hamar. Vest 3b hadde kulvert under Koigen og Hamarbukta og 8m-planet var fylt opp av 6-8 etasjars blokker. Det er dette alternativet Jernbaneverket (JBV) meiner er det beste for Hamar. Dette vil dei ha fordi det ligg i regjeringas og Stortinget sine krav til InterCity-utbyggjinga at det skal fortettast rundt trafikknutepunkt. Fleire blokker nært stasjonen skal husa fleire potensielle reisande, og slik gjera den store investeringa i dobbeltspor meir lønsam.

Denne tanken hareg akseptert som ei logisk sanning, og utan å setja spørsmålsteikn ved. Så ser vi i HA at det kjem innvendingar som vi ikkje har tenkt på, til dømes frå Trond Kjernli den 7. juli. Han påstår at utbygging av blokker rundt stasjonen, uansett kor den ligg, ikkje vil skapa særleg mange nye kundar til togselskapa! Og grunnen er at husvære i slike blokker er så dyre at berre eldre folk som har samla seg opp nok pengar, har råd til å bu der! Og eldre reiser ikkje mykje, seier han, og i alle fall ikkje kvar dag. Kan det vera at draumen om ei lønsam fortetting rundt trafikknutepunkt er eit bedrag eller utopi som styresmaktene våre har vorte utsette for?

Når ein ser prisane på nye husvære i blokk, kan det vera fristande å mistenkja utbyggjarane for å skjela til kva folk som er lei av plenslåing og snømåking, får for eigedomen dei skal selja. Blir prisane lagt deretter? Og så har vi sett meldingar frå Oslo om at mest alle nye husvære blir kjøpt opp av folk som ikkje skal bu der. Dei skal berre selja dei vidare til den prisen marknaden kan gi! Er det også slike tendensar i Hamar?

Det er jo ROM Eigedom som eig dei fleste tomtene på stasjonsområda våre. Er dei obs på dette problemet? Som utførande organ for JBV skulle ein jo tru at dei vil bry seg. Kva gjer dei for at yngre folk i arbeid kan få råd til å slå seg ned i desse blokkene?

Det er svært avgrensa verknad for NSB og andre togoperatørar viss det i blokkene som blir planlagt, berre skal bu folk som er ferdige med yrkeskarrieren. Men litt verknad får det jo om folk forlet villaene sine. Da kan innflyttarar ta over villaene, som da kanskje ikkje får gåavstand, men sykkelavstand til stasjonen?

Eg ville gjerne høyra frå byplanleggjarar eller ROM Eigedom korleis dei ser på dette, og om dei kan gjera noko med den dynamikken som rår i eigedomsmarknaden.

Klikk for kommentarer
Vi inviterer deg til å dele informasjon, argumenter og synspunkter. Vi ønsker fullt navn, noe som gjøre det mer interessant for andre å lese det du skriver. Vi vil ikke ha trakassering, trusler eller hatske meldinger på våre nettsider. Falske profiler blir utestengt. Vi setter pris på at du holder en saklig og respektfull tone. Husk at mange leser det du skriver. Vennlig hilsen redaksjonen. Les mer om vår moderering ->her
Facebook-kommentarer:

Våre journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig.

Vi fjerner automatisk kommentarer med obskøne ord, definert av våre moderatorer. Innlegg som rapporteres som misbruk eller spam blir vurdert av Facebooks moderatorer, og skjules automatisk for den som rapporterer.


Dersom du bryter våre debattregler, kan vi gjøre følgende:
  • Slette kommentaren din
  • Utestenge deg

Vi har ikke redaktøransvar for kommentarer som er fjernet fra offentligheten, og som kun er synlige for din private og lukkede vennekrets. Vi gjør imidlertid oppmerksom på at du som skriver et innlegg vil være personlig ansvarlig for innholdet enten dette fremsettes på våre nettsider eller overfor ditt eget lukkede nettverk med Facebook-venner. Våre journalister og moderatorer vil ikke begrunne verken fjerning av kommentarer eller utestengning av profiler, utover at det skyldes enten brudd på retningslinjene for moderering slik de fremkommer i toppen av alle kommentarfelt, eller avsløring av falske profiler.