Arve Waage kommenterer i HA 3. mai mitt innlegg i avisa 16. april. Han skriv at eg lid av vrangførestillingar sidan eg meiner at språkleg likestilling inneber at det skal vere like mykje nynorsk som bokmål i det offentlege. No har det seg slik at vi har to jamstilte skriftspråk i Noreg, og det inneber at ein skal sjå dei båe to. Ein offentleg tilsett veit at dei må praktisere både nynorsk og bokmål i jobben.

Eg meiner at det offentlege har eit særskilt ansvar for å ta vare på dei to målformene vi har. Det bør vere sjølvsagt at eg som nynorskbrukar får møte målforma mi når eg er i kontakt med det offentlege, sjølv om eg bur i Innlandet. Det same gjeld for dei som bruker bokmål i eit fylke der nynorsk er mest brukt. Ein nynorskbrukar bør få korrespondanse på målforma si, til og med her i Innlandet.

Kommentarfeltet er stengt mellom 22:00 og 08:00